Bygda som brått blei ein by
Apropos Rjukan og Notoddens verdensarvsøknad: Kan norsk industristadarkitektur frå byrjinga av 1900-talet gi gode impulsar for byggeskikk og planlegging også i dag? Av Trond Lepperød Kanskje drøymer alle arkitektar og bygningsingeniørar om å få byggje ein by heilt frå grunnen av – langt frå etablerte byar og på jomfrueleg mark. Nokre av datidas fremste arkitektar fekk prøve seg på denne utfordringa da industrireisinga skaut fart i Noreg på byrjinga av 1900-talet og nye tettstader veks opp nær fossekrafta. Der det før hadde vore nokre få gardsbruk, kom det nye småbyar med kraftstasjon og fabrikk som livsnerver. Rjukan i Tinn kommune i Telemark, Tyssedal i Odda kommune i Hordaland og seinare Høyanger i Sogn og Fjordane er døme på slike industristader som veks opp frå ingenting og der behovet for bustader og infrastruktur måtte løysast raskt. – Her er mange døme på god stadutforming på desse industristadene som blei planlagt frå grunnen av. Det kan vi lære noko av, seier Siri Skjo